Nokre Strava-kommentarar frå utøvarane våre
Postet av Atle Jomar Hole den 22. Jun 2025
Les kva nokre av dei som var i aksjon i helga seier
Vi startar i hovudstaden, der Njål Torillson imponerte i Nordmarka Skogsmaraton. Det vart klassesiger i M 40-44 og 2.plass totalt mellom ALLE startande
NJÅL TORILLSON TYSSING: Nordmarka Skogsmaraton 2.49.49.9:
- Fantastisk arrangement i fantastisk vêr. Heldigvis kom varmen seint i løpet. Kjendest blytungt ut frå Kikut (ca 25 km) og tilbake til mål. Særleg den evige motbakken til trillestien ved Kobberhaugshytta. Beina må nok herdast betydeleg før neste maraton…. Kjekt med premie og greier! Stor takk til Åsmund Sunde Valseth for god guiding fram til trillestien!
ÅSMUND SUNDE VALSETH har svara:
- Takk selv, hadde aldri orket holde koken oppe uten Velledalen IL i ryggen, selv om jeg måtte gi tapt til slutt
Så hoppa vi opp til Sunnmøre og FYR til fyr. Der startar vi med
TROND BONESMO, Fyr til fyr 2025:
- Tenkte prøve meg på halvmaraton i løpet av året, for maraton er heilt uaktuelt. Men så hadde eg meldt meg på Fyr til fyr, som i tillegg til å vere litt lengre enn eit maraton inkluderer nesten 2600 høgdemeter. Hadde håp undervegs om å kome under åtte timar, men føtene var fullstendig kaputt over Rundeøya og bakkane nedatt våga eg knapt jogge for eg hadde ikkje bremser. Låra fullstendig ferdige. Sjølv om løypa var ekstremt gjørmete og såpeglatt, var opplevinga stor. Eit fantastisk arrangement med masse folk langs løypa som heia løparane fram. Eg er mektig imponert over Bergsøy IL og folka på Herøyane. Absolutt å anbefale, sjølv om det er eit blodslit. Ekstra kjekt at Frode og Susan var der og heia fram VIL-løparane.
Så hoppar vi til ei kvinne som hadde VIL-debut i går. Marita Andreassen imponerte stort og vart nummer 32 av 87 fullførande kvinner i løpet som starta frå Heid (også kalla halv Fyr til fyr). Særleg imponerande ettersom den vanlege klassa til Marita er K 50-54. Det store fleirtalet som slo henne var vesentleg yngre. På sin alder var Marita mellom dei aller beste:
MARITA BJØRKELID ANDREASSEN, Fyr til fyr (frå Heid):
- For ein tur! Starta sikkert litt for hardt, fekk krampe frå midt på Remøya….. vart litt lite fart etter det.
Neste ut er Ole Martin Korsnes. Ein av Velledalen IL sine utøvarar som satsar ultraløp. Vart nummer 16 av 195 fullførande i lengste løypa. 15.beste herreløper
OLE MARTIN KORSNES, Fyr til fyr 2025, lengste løypa:
- Fyr til fyr. 16.plass av ca 200 utøvarar. Tid 5.43.14. Persa med 23 minutt. Meget godt disponert løp utan kramper. Særs nøgd. Omtrent like forhold som i fjor.
Neste ut er Malin Berge, relativt nybakt KM-vinnar i halvmaraton på Vartdal og ein utøvar som leverte halvmaraton på 1.31-talet i Ålesund nyleg.
MALIN BERGE, Fyr til fyr frå Heid (kort løype):
- Livets første Fyr til fyr. 24/52.plass. Ingenting å seie på opplevelsen og flott natur!. Hovudfokuset var ein langtur å kose seg på, men fortsatt ikkje heilt fornøgd med tida. Gjørmefest deluks, som gjorde det heile ekstrem krevjande. Eg er ingen fjell-løpar heller, så her er det forbetringspotensiale.
Vi avsluttar med Trine Randen frå nabokommuna Stranda, som same dag ho sprang Fyr til fyr ville blitt NM-vinnar på 5 km landeveg (gratulerer til Kristian Nedregård!!) i klasse K 60-64 i Knarvik – om ho hadde vore der.
TRINE RANDEN, Fyr til fyr 2025, lang løype:
- Mitt fyrste ultraløp var tungt og fantastisk. Tid 7.43 og meget nøgd
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.