Støtt Hilmar gjennom kraftprøva Oslo-Bergen
Postet av Atle Jomar Hole den 23. Jun 2025
Det er ti dagar att til Hilmar Kråkenes startar på den 500 km lange kraftprøva, Oslo-Bergen.
Oslo-Bergen Trail 500 K er eit ultraterrengløp som går frå Oslo til Bergen. Her fylgjer nokre fakta om løpet:
- Dato: Start 3.juli 2025, siste målgong 12.juli 2025
- Startstad: Soria Moria hotell, Oslo
- Målgong: Meyermarken, Bergen
- Distanse: 500 km
- Maksimaltid: 224 timar
- Individuell klasse og lagklasse (2-3 deltakarar)
- Servicestasjonar: Noresund, Flatvollen, Vasstulan, Krækkja, Vatnahalsen, Voss, Kvitingen og Gullbotn
Løypa fylgjer merka turstiar (DNT-stiar) der dette er mogleg, men inneheld også parti utan sti. Deltakarane bestemmer sjølv når og kvar dei vil kvile.
VIL-medlem, Hilmar Kråkenes, seier fylgjande om løpet til nettsida vår:
- Eg søkte om å vere med på løpet 16.desember 2023. På sjølvaste juleaftan same året fekk eg plass. Då hadde eg god tid. 2024 gjekk tida mest til trening og maratonløp. Lite fokus på Oslo-Bergen. Etter nyttår har eg byrja fokusere på kva utstyr eg skal ha med. Det finst ei kravliste (minimumsliste) av utstyr, som eg må ha med frå start til mål. Påmeldingsavgifta var på omtrent 10 000 kroner, som eg syntest var heilt greitt. Samanlikna med utstyret ein må ha med, var påmeldingsavgifta svært billeg. Har vel brukt om lag 30 000 kroner på dette fram til no.Hadde vore enda dyrare om det ikkje var for sponsoren min, Sport S Måløy. Slik er det å melde seg på løp utan å ha terreng- eller fjellutstyr liggjande.
- Eg møter på Soria Moria hotell 1.juli. Skal bu der fram til løpsdagen 3.juli. Håper å møte personar som eg kan samarbeide med, og bli kjende med. Mitt einaste mål for løpet er å gjennomføre. Har ingen intensjon om å gå «all in» denne gongen. Ambisjonane vert nok høgare i 2027 (løpet er anna kvart år). Denne gongen handlar det om å lære av feil eg gjer gjennom løpet. Korleis vil eg takle lite søvn…? Vil eg få i meg nok mat…? Har eg rett utstyr med meg…? Og ikkje minst; problemstillingar eg ikkje visste fanst. Det er også verdt å nemne at det ikkje er lov med ekstern hjelp under løpet.
- Motivasjonen før løpet er god. Eg veit det finst menneske som vil følgje med, og eg vil prøve kome med oppdateringar relativt ofte (kjem sjølvsagt litt an på korleis forma er). Gler meg til å bli kjend med naturen over fjellet, til dei gode augeblikka, og ikkje minst til å kome i mål. Trenar for tida på å bruke sekk og stavar. Deltok nyleg i Ørsta Fjellmaraton som ei treningsøkt, der fokuset var bruk av sekk og stavar.
- Dersom eg er skikkeleg heldig, får eg opp ei nettside før løpet. Elles vil eg oppdatere på Strava, Facebook og Instagram. Det vil også vere mogleg å følgje GPS-signal gjennom løpet: https://my.raceresult.com/271645/participants
- Håper dette var ei grei skildring av løpet. Ein finn også mykje informasjon på:
https://www.oslobergentrail.com/no/home no/index.html
Velledalen IL har støtta Hilmar si kraftprøve med 1000 kroner, og reknar med mange fleire kjem på bana. Om den saka seier Hilmar:
- Om folk er interessert i å støtte med nokre kroner , så er det veldig velkome. Alt hjelper. Vipps-nummer: 97015052.
Velledalen IL vil prøve å halde medlemar og andre, oppdaterte om korleis turen skrid fram.
Aldri tidlegare har VIL-medlem gitt seg i kast med noko liknande – og det minste vi i så måte kan gjere er å ynskje:
GOD TUR, HILMAR – DU ER EIN TØFFING!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.