Jølster Maraton vert stort
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Jun 2025
Arkivfoto 2024
761 påmelde ni dagar før løpet – og her vert det truleg VIL-klubbrekord, maraton kvinner.
Det er hardhausen, Malin Berge, som skal debutere på heilmaraton i Jølster. Løpsstyrken hennar på fast underlag er så stor, at vi nærast kan garantere at det vert ny klubbrekord på heilmaraton for kvinner. VIL har hatt ganske mange kvinner i aksjon på distansen, men tek vi ikkje feil, har ingen førebels sett 3-talet som fyrste tal i sluttida. Og det trur vi Malin greier med glans, sjølv om ho har tynt eigen kropp ganske så hardt siste tida. Ho vart KM-vinnar halvmaraton på Vartdal i slutten av mai. 14 dagar etter det sprang ho halvmaraton i Ålesund på 1.31.57. Så gjekk det nye 14 dagar og Malin fleska til med Fyr til fyr frå Heid, konkurransetid på nær fire timar. Det er såleis ikkje etter boka, at ho spring heilmaraton i Jølster, berre 14 dagar etter Fyr til fyr. Men vil ho ha det gnallhardt, får ho det nettopp det med eit slikt løps-program.
Elles er Stian Hole (M 45-49) og Ludvig With (M 50-54) påmelde på halvmaraton i Jølster. Friidrettsleiar Alf Petter Bøe seier troppen vil vekse. Kor stor er ganske uvisst, men Jølster har heile spekteret av distansar; 5 km, 10 km, halvmarton og heilmaraton. Stian har truleg den magiske 1.30-grensa som maksimaltid for sitt mål, medan Ludvig truleg er godt nøgd om han får sjå 1.34 og nokre sekund. Tidene er alltid sterke i Jølster. Minuset kan vere varmen, som hittil i sommar ikkje har vore noko problem
Det litt sensasjonelle – men gledelege – er at Stranda IL har fem påmelde. Kristian Kornelius Repvik på heilmaraton, trioen Andreas Espelund, Eline Langlo og Marte Langlo på halvmaraton, og Tonje Bjørklundhagen på 5 km. Alle fem unge løparar som vil setje farge på Jølster løpsdagen.
PS. Same dag vert Hornindal Rundt og Hellesyltløpet også arrangert. Vi reknar med VIL-deltaking begge stadar. Constantin står alt på lista i Hornindal, på den kortaste distansen. Det vert ein heit dag for dei som vil slå han!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.