Vipps-nummer 97015052=Hilmar-støtte

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Jun 2025

3.juli er startdagen for Hilmar sitt store prosjekt: Oslo-Bergen 500 km

 

Vi skal i denne runden sjå litt nærare på kven som gir seg i kast med dette. I alt skal 170 utøvarar starte ut frå Soria Moria hotell i Oslo den 3.juli. Turen må vere avslutta seinast 12.juli for å verte godkjend. Så vidt vi kan sjå av deltakarlista er Hilmar den einaste med band til ein klubb på Sunnmøre. Sprekingen frå Deknepollen representerer Velledalen IL under denne litt spesielle ferde. Åleine dette, gjer prosjektet verdt å sponse.

 

Av dei 170 er det svært få vi kjenner, men:

20 Harald Bjerke, Romerike Ultraløp-klubb, er godt kjend i Velledalen IL si Oslo-avdeling. Rykta seier han har opphav få Ørsta.

36 Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, er vår mann på turen.

87 Odd Edøy, Sunndal, er ein rutinert mann i «faget» frå Nordmøre (AP Bøe sitt heimdistrikt).

147 Espen Avset Fredriksen, Averøy Løpeklubb, også nordmøring.

 

Somme tenkjer kanskje slik: Det vert ikkje noko støtte til Hilmar før eg ser korleis han greier seg på turen. Mannen meistrar heilmaraton og kan glatt springe 100 km på ein dag, men meistrar han råtung pakning og det som kan bli einsemd i skog og fjell…? Men det er ingen berande tanke, då mannen alt har lagt ut enorme summar på utstyr, påmelding, hotell-overnatting (fleire 10 000-vis av kroner) lenge før løpsstart. Desse utlegga MÅ gjerast, uavhengig av korleis det går. Difor håper vi alle som set pris på, at Hilmar gjer noko INGEN andre i Velledalen IL eller bygda vår har gjort før han, støttar han med ein hundrelapp eller fleire. Vipps-nummeret er 97015052.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.