Ny stor idrettshelg for VIL-utøvarane
Postet av Atle Jomar Hole den 30. Jun 2025
Laurdag 5.juli vert laget vårt representert i Lofoten, i Hornindal, Jølster, Hellesyltløpet og Oslo-Bergen Trail (500 km)
Her er litt av det utøvarane våre skal gjennom komande helg:
5.JULI: HOKA LOFOTEN SKYRACE 2025:
2068 påmelde måndag 30.juni klokka 18.00. Mellom dei påmelde:
Emma Olin Holmberg, Velledalen IL – ho set seg i bilen og køyrer nordover.
Ronny Ødegård, Stranda IL
Trine Randen, Stranda
Alle desse tre deltek på lengste distanse, 32 km
5.JULI: HORNINDAL RUNDT 2025:
240 påmelde måndag 30.juni klokka 18.00. Mellom desse:
Constantin Moses Rust, Velledalen IL – 38 km fjelløp
Thomas Melchiorsen, Sykkylven, er påmeld på 75 km
5.JULI: JØLSTER MARATON 2025:
876 påmelde måndag 30.juni klokka 18.00. Distansar: Heil, halv, 10 km og 5 km:
Malin Berge, Velledalen IL (heil)
Ludvig With, Velledalen IL (halv)
Bjørn Arve Brune, Velledalen IL/Byrg (halv)
Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL (halv)
Stian Hole, Velledalen IL (halv)
Ole Robert Strømme, Velledalen IL (halv)
Julie Tenden Rasmussen, Sykkylven (5 km)
5.JULI: Hellesyltløpet (6,6 km + barneløp på ca 1500 meter)2025:
Påmelding frå 13.00 løpsdagen – start klokka 15.00
Heilt sikkert deltakarar frå Velledalen IL, men truleg færre enn normalt
5.JULI: Oslo-Bergen Trail 2025
Mellom dei kring 170 deltakarane i største klassen – med start 3.juli - finn vi:
Hilmar Kråkenes, Velledalen IL
Han er einaste deltakar som representerer ein sunnmørsklubb.
Vipps-nummer for økonomisk støtte:97015052
Vi ser ikkje vekk frå at fleire skal i aksjon, andre stadar i landet. Men dette er det vi veit i skrivande stund. Vi har fått signal om at kanskje så mange som ti løparar stiller for Velledalen IL i Jølster. Skal ein tru YR, vert der ikkje særleg varmt under årets løp. Det betyr truleg sterke tider på alle distansar.
Lukke til med dei siste førebuingane – og med løpa!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.