58 personar har konkurrert for VIL

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Jul 2025

 

I fyrste halvår 2025 har 58 personar konkurrert for Velledalen IL

 

Bak talet 58 personar, treng ein ei lita forklaring. Dette talet er personar som har konkurrert i arrangement IKKJE ARRANGERT av Velledalen IL. Det betyr at Påskekonrad, Konradløpet og Sørestrand-mila ikkje tel. Det same gjeld skirenn i den lokale cupen, men desse gjekk sist vinter «fløyten» - alle som eitt.

 

Vi har ikkje  noko tal på 1. halvår 2024, men på heile året 2024 representerte 75 personar Velledalen IL. Truleg kjem vi opp i minst like mange i år. Kvinnene avslutta 1.halvår sterkt, slik at dei tre siste vi fekk på lista, alle var kvinner. Dermed er tala for fyrste halvår slik:

7 jenter/gutar 16 år og yngre

15 kvinner 17 år og eldre

36 menn 17 år og eldre

NB! Merk at Velledalen IL dekkjer startkontingent for den yngste gruppa, og dei dekkjer startkontingent for ALLE, på nokre løp bestemt på førehand.

 

Idrettsgreiner det har vore konkurrert i fyrste halvår 2025:

Langrenn

Hyrox

OCR-hinderløp

Baneløp

Landevegsløp

Orientering

Motbakkeløp

Fjell-løp

Ultraløp

 

Det er så langt i sesongen sett tre nye klubbrekordar løp:

23.mars: Espen Utgård Sæther – 1.09.16 halvmaraton – Malaga Spania

5.april: Constantin Moses Rust – 31.35 på 10 km – Drammen Norge

28.juni: Constantin Moses Rust – 8.42 på 3000 m baneløp – Bislett Norge

 

Vidare nemner vi:

Constantin har sett VIL-bestetid i Vasaloppet med 4.27.37

Oda Alette K. Hole VIL-bestetid i Birken (ski) for kvinner med 3.48.09

Constantin har sett VIL-bestetid i Birken for menn med 2.54.48

 

Og:

Det har vorte sett ein haug med nye personlege rekordar – på alle nivå!

Laget har mange som trenar godt – fleire av dei i godt moden alder.

KM-vinnarar halvmaraton: Jan Ketil Vinnes og Bjørn Arve Brune.

Njål klassevinnar i Nordmarka Skogsmaraton.

Constantin vinnar av 31 km under Ecotrail Oslo.

May Evy klassevinnar Bergen Fjellmaraton halv.

3.juli startar Hilmar Kråkenes som 1 av 170, og einaste representant for ein sunnmørsklubb, på Oslo-Bergen 500 km

          Klubben scorar høgt på å ha eigen «mediekanal» med resultatdekning, fokus på aktuelle saker, foto og videosnuttar av alle sine aktive. Like eins er klubbklede-avdelinga eit viktig bidrag til samhald og fellesskaps-kjensle. Totalt sett på desse felta gjer Frode Mauren/Susan Gjerde, Anita Nakken, Liv Nordli Hole og Henning Tandstad/Ann-Helen Hole ein kjempejobb.

Basen for positive tankar har siste åra vore i kaféavdelinga ved Nærbutikken i Velledalen, der friidrettsleiar Alf Petter Bøe «ruler» inne i eit bortgøymt hjørne, saman med sine medsamansvorne assistentar.

         Velledalen er langt frå verdas navle, nesten så langt ein kan kome. Men i det lokale løpsmiljøet vert vi rekna som mektige. Og det er ikkje sjølvskryt når vi seier at det er våre utøvarar – som av alle klubbar på Sunnmøre – utstrålar kollektivt mest stil og profil. Med toppar, og ei breidde vi knapt hadde fortent - men som vi alle er utruleg stolte av!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.