Oslo-Bergen Trail i gang

Postet av Atle Jomar Hole den 3. Jul 2025

 

I dag, 3.juli, starta VIL-medlem, Hilmar Kråknes, frå Oslo.

 

På turen skal Hilmar og resten av gjengen innom fleire sjekkpunkt. På kvart av desse punkta er ein såkalla «cut», som vil seie han må passere punktet innan ei på førehand gjeven tid, for ikkje verte teken ut av løpet. Etter 12 timar kan dei som fylgjer med sjå at Hilmar har lagt bak seg 57 km. Han er såleis over halvvegs til fyrste sjekkpunkt. Siste frist for målgang i Bergen er 12.juli.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.