Resultat og tider frå Jølster
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Jul 2025
Stormønstring med kring 1200 påmelde, 13 VIL-utøvarar var i aksjon
Jølster maraton med distansane 5 km, 10 km halvmaraton og heilmaraton er kjende for gode tider, i løyper med få bakkar. Størst var påmeldinga til halvmaraton med 543 påmelde. Sju av Velledalen IL sine utøvarar sprang halvmaraton, tre sprang 5 km, to sprang 10 km, medan Malin Berge var åleine om å springe heilmaraton. Ho til og med debuterte. Sidan ho sette klubbrekord for Velledalen IL har ho fått si eiga sak. I tillegg til klubbrekorden på heilmaraton vart det sett fire nye personlege rekordar på halvmaraton (Andreas, Ole Robert, Stian og Ludvig).
Kva som var dagens høgdepunkt vil nok variere frå person til person. Men her er nokre høgdepunkt:
- Klubbrekord heilmaraton kvinner, Malin Berge.
- Spurtduell mellom Susan Gjerde, Bjørn Arve og Nina Brune etter eit lureløp på 5 km.
- Ludvig With pers på halvmaraton med langt over minuttet på sjølvaste 50 års dagen sin.
- Andreas Mosby Nakken (M 20-22 halvmaraton) og May Evy Nesheim (K 50-59 5 km) vart klassevinnarar.
- Velledalen IL fekk i alt fire pallplassar (utanom Andreas og May Evy vart det 2.plass til Malin og 3.plass til Frode).
- Fire, til dels svært klare, personlege rekordar halvmaraton. Vert Ole Robert og Andreas dei to neste under 1,20…?
Heilmaraton:
44. Malin Berge, Velledalen IL, 3.36.33 (nr 2 K 23-34)
Halvmaraton, 502 fullførande:
18. Ole Robert Strømme, Velledalen IL (nr 5 M 35-39)
22. Andreas Mosby Nakken, Velledalen IL, (nr 1 M 20-22)
57. Per Inge Bjørnestad, Velledalen IL, 1.26.33 (nr 4 M 50-54)
77. Stian Hole, Velledalen IL, 1. 27.37 (nr 5 M 45-49)
123. Ludvig With, Velledalen IL, 1.33.35 (nr 7 M 50-54)
145. Fridtjof Fredriksen, Velledalen IL, 1.35.22 (nr 5 M 55-59)
320. Trond Bonesmo, Velledalen IL, 1.51.08
Bjørn Inge Gjersdal, Sykkylven, 1.57.59 (ny pers)
Andreas Espelund, Stranda IL, 1.27.22
Marte Langlo, Stranda, 2.19.33 (debutant)
5 km:
21.17: May Evy Nesheim, Velledalen IL (nr 1 K 50-54)
28.05: Julie Tenden Rasmussen, Sykkylven
41.16: Susan Gjerde, Velledalen IL,
41.18 Bjørn Arve Brune, Velledalen IL/Byrg
Bjørn Arve var eigentleg påmeld halvmaraton, men ein «kjenning» gjorde at han stod av og tok 5 km i lågt tempo i staden.
10 km
39.17: Frode Mauren, Velledalen IL, (nr 3 M 50-54
45.20: Frank Andersen, Velledalen IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.