Strava-kommentarar frå VIL-løparar
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Jul 2025
I all hovudsak henta frå løparar som deltok i Jølster
Ikkje meir enn rett og rimeleg at vi opnar med Ludvig With, som hadde ein stor dag. 50 år på sjølvaste løpsdagen og ny personleg rekord på langt over minuttet.
Ludvig With, Jølster halvmaraton:
- Ny pers på 50 års dagen er bra!
Bjørn Arve Brune 1, Jølster maraton, 5 km, tid: 41.18:
- I samløp med Nina og Susan.
Bjørn Arve Brune 2, oppvarming Jølster maraton med Andreas:
- Stram leggmusklatur som ikkje løsna. Etter 3 km så valgte eg for en gangs skyld å bruke haudet og stå av.
May Evy Nesheim, Jølster maraton 5 km, tid: 21.17
- Tungt og vondt, men greitt gjennomført på en dag kor forma er dårleg. Klassevinnar og nummer sju totalt av 89 kvinner – får vere nøgd med det!
Så kjem eit par eksempel på svært kortfatta kommentarar.
Andreas Mosby Nakken, Jølster maraton 2025:
- Klassevinnar
Bjørn Inge Gjersdal, Jølster maraton:
- Ny pers (1.57.59).
Så tek vi med kommentarane frå eit par karar som har køyrt seg hardt siste tida, Trond Bonesmo og Frank Andersen
Trond Bonesmo, Jølster maraton:
- Var skeptisk til min første halvmaraton sidan det berre er to veker sidan Fyr til fyr. Men det gjekk veldig bra. Surna bra til i låra etter 7-8 km, men det blei ikkje verre. Trur jaggu eg hadde negativ splitt, og det er no ikkje feil. (Tida vart 1.51.08 – Trond er god for langt ned på 1.40-talet med optimal oppladning).
Frank Andersen, Jølster 10 km:
- Starta ferien med ein 10 km. Prøvde halde meg på 4.30-fart, og det gjekk jo fint (sluttid: 45.20). Tungt på returen og såleis ingen personleg rekord.
Stian Hole, Jølster halvmaraton:
- Personleg bestetid og kjempenøgd med det. Offisiell tid: 1.27.37 og 5.plass i aldersgruppe 45-49 år. Starta kontrollert og såg at gruppa heldt litt for høg fart for meg, 4.00. Reduserte farta litt (til ca 4.10) og forsøkte halde det. Målet før løpet var 1.28.
Robin Jørgensen, Hellesyltløpet:
- En forferdelig tung dag!
Frode Mauren, Jølster Maraton, 10 km:
- E blei stiv etter sju km og litt låk, så det blei en kamp å komme i mål. Har nok vært for lenge skadet (Men 3.pl i M 50-59).
Så eit prov på at ein treng ikkje springe all verda for å ha framgang, og at løypa i Jølster er rask!
Susan Gjerde, Jølster Maraton, 5 km:
- 1 min og 43 sek betre enn i Ålesund (fire veker sidan). Så litt fremgang er der uten løpetrening
Vi avsluttar med ein halvmaraton-debutant frå Stranda som vart premiert under Konradløpet:
Marte Langlo, Jølster halvmaraton:
- Fornøgd med eigen innsats. Forma funka overraskande bra og turen gjekk greitt fram til siste 2 km, då krampa heldt på å ta meg. Offisiell tid: 2.19.33
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.