Ålesund Sommarkarusell i kveld (9.juni)

Postet av Atle Jomar Hole den 9. Jul 2025


Klokka 08.00 i dag tidleg hadde 56 utøvarar meldt seg på

 

Andre løpet i Ålesund Sommarkarusell vert arrangert i kveld, onsdag 9.juni. Start er klokka 18.00 – frå vestsida av «Lillevatnet» i Spjelkavik (ved parkeringa). Distansane er som vanleg 5 og 10 km, og startkontingenten er kr 100,- for alle under 16 år, og kr 200,- for alle 16 år og eldre.

 

Arrangørane minner om at ein ikkje treng lisens for å delta. Og at ein ved påmelding godtek at ein kan bli fotografert. Arrangøren har heller ikkje ansvar om nokon skadar seg. Vidare vert løparane bedt om å legge frå seg startnummeret etter målgong, då desse skal brukast meir.

 

Klokka 08.00 løpsdagen stod 56 utøvar-namn på lista. 27 av desse på 10 km.

 

Mange av Velledalen IL sine utøvarar har køyrt seg hardt siste tida. For fleire av dei kan kvile og restitusjonstrening vere meir aktuelt enn løp. Berre ein VIL-løpar stod på lista klokka 08.00 i dag, nemleg den nyslegne 50-åringen, Ludvig With. Men så er også han ein hardhaus – seinast sist laurdag sette han pers på halvmaraton i Jølster! Kanskje tenkjer han; det gjeld å smi medan forma er der.

Truleg blir vi fleire enn Ludvig til start, men neppe fælt mange.

 

Siste løp i karusellen går onsdag 13.august – medalje til alle som har to eller tre løp (av totalt tre) etter august-løpet.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.