NM motbakkeløp i Fjørå 19 juli

Postet av Atle Jomar Hole den 12. Jul 2025

 

NM er lagt inn under Mefjellet Opp med start frå Fjørå laurdag 19.juli.

 

Hittil er Ole Martin Korsnes einaste påmelde frå Velledalen IL. Påmeldingane så langt syner totalt 84 namn, men det vert nok fleire. I klassa til Ole Martin, M 35-39, finn ein sju namn. Det er verdt å merke seg at det førebels er ingen påmelde i K 50-54 og M 60-64. Dette er klassene til May Evy Nesheim og Bjørn Arve Brune, to VIL-utøvarar ved deltaking kunne plassert seg framifrå.

 

Det som friidrettsleiar Alf Petter Bøe – ferierande på Nordmøre – presiserer, er at sidan det dreier seg om eit NM, så dekker Velledalen IL startkontingenten for sine løparar. Kontingenten får ein refundert ved å sende kopi av påmelding til kasseraren i Velledalen IL, Tormod Klokk, slik:

tormod@revisorklokk.no

 

Det vil kome fleire oppdateringar fram mot løpsstart laurdag 19.juli.

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.