Førjulsmesse 8. og 9. november 2025
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Jul 2025
Spesielt for dei som likar drive langtids-planlegging.
Nesten litt usportsleg å minne om Førjulsmessa midt i fellesferien medan solsteiken er på sitt sterkaste. Men det har kome spørsmål om datoane, truleg av personar som likar ha langtids-planlegginga på stell. Svaret er i alle fall at det vert Førjulsmesse i Velledalen grendahus laurdag 8. og sundag 9.november. Sistnemnde dato på sjølvaste farsdagen. Kanskje like greitt, sidan tilgangen på kaker plar vere stor under desse arrangementa.
Førjulsmessa er Velledalen IL sitt største inntektsbringande arrangement. Fyrste gong arrangert i 1993, då ikkje som førjulsmesse, men som ei vårmesse. Men i 1994 vart det Førjulsmesse, noko det har vore sidan, med unntak av eit par sesongar med korona.
Vi kjem tilbake til dette med utstillarar og kven dei skal kontakte, men vi røpar at det er Myriam Van Wunsel som styrar med slikt, til liks med dei siste par åra.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.