Ludvig sprang Romsdal 5/10/halv
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Jul 2025
Arkivfoto
Ludvig With var einaste VIL-løpar i aksjon i Hustadvika i går
Onsdag 23.juli vart Romsdal 5/10/halv arrangert i Hustadvika-området i Romsdal. Vanlegvis ein stad med NOK vind, men ikkje slik i går (sjå Ludvig sin Strava-rapport!). Distansane var 5 km, 10 km og halvmaraton. Deltakinga må kallast i underkant av middels, truleg skuldast dette ferietid og sterk varme.
Ludvig With har siste tida sett solide personlege rekordar både på 10 km og halvmaraton. På siste distansen seinast denne månaden i Jølster. I går mønstra Ludvig til start på 10 km, saman med to krutsterke romsdalske idrettsmenn i klasse M 50-54, nemleg fotball-legenda Daniel Berg Hestad (38.15) og skiløparen Thomas Sandhaug (40.38). Difor kunne det maksimalt bli 3.plass på Ludvig – noko det også vart på tida 46.02.
Ludvig sin Strava-kommentar seier fylgjande:
- En brutal varme møtte oss på en vindstille dag. Ikke ett vindpust å spore, og ikke noen skygger å kjøle seg ned på. Gikk ut litt optimistisk og traff veggen. Men jeg er sykt fornøgd med å gjennomføre.
Takk til Ludvig, som gjorde at Velledalen IL vart representert også i dette løpet!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.