Hilmar slo tilbake i Hornindal

Postet av Atle Jomar Hole den 26. Jul 2025

 

Vann heilmaraton i suveren stil på 2.59.32 under Hornindalvatnet Maraton

 

Dei med bra hugs har på minnet at Hilmar Kråkenes tidleg i juli starta på Oslo-Bergen Trail, men 7.juli kom denne meldinga på Velledalen IL si nettside:

  • Hilmar har stått av og fått DNF bak namnet sitt på Krækkja Servicepost. Då hadde han fullført kring 260 km på 3.17.59.51.

 

Men Hilmar Kråkenes ytra alt kring 10 døgn etter Oslo-Bergen at hugen brann etter å stille i Hornindal Maraton. Og det gjorde han, og datoen viste 26.juli, altså mindre enn 20 døgn etter 260 km i Oslo-Bergen og skade i venstre fot.

 

I Hornindal opna Hilmar ganske hardt. Den han frykta mest var Daniel Eikås, Stryn T&IL. Etter fyrste runden hadde Hilmar eit forsprang på 20 sekund. Som auka til 32 sekund etter andre runde, og 1.05 etter tredje. På fjerde runde fekk unge Eikås problem, og måtte ned i gangfart før passering, slik at han no var fire minutt bak. VIL-posten ropte til Hilmar at no er førespranget på fine fire minutt.

  • Det kan eg trenge, svara Hilmar. Men mot slutten av løpet trylla 47-åringen frå Deknepollen fram nye krefter, slik at han kunne smyge seg under tre timar med tida 2.59.32, ikkje mindre enn 23 minutt og 25 sekund føre hardaste konkurrent, Markus Hjorthaug frå Volda. Løpet markerte samstundes Hilmar sin sjuande strake klassesiger på heilmaraton her lokalt, og kanskje det mest fantastiske; alle under tre timar i slutt-tid, uansett førebuing

 

Resultat frå Hornindalsvatnet Maraton

Heilmaraton, 26.juli,13 fullførande:

  1. Hilmar Kråkenes, Velledalen IL, 2.59.32 (M 45-49)
  2. Markus Hjorthaug, Volda T&IL, 3.22.53 (M 23-34)
  3. Arkadiusz Adam Babij, Polen, 3.31.10 (M 50-54)
  4. Odd Gunnar Tveit, Birkenes IL, 3.41.32 (M 60-64)
  5. Slawomir Lesniak, Polen/Valldal IL, 3.48.21 (M 45-49)
  6. Erlend Bae, Ørsta, 3.54.23 (M 50-54)
  7. Truls Storebø, Florvåg, 4.00.16 (M 40-44)
  8. Oda Synnøve Riste, Volda T&IL, (K 23-34) – beste kvinne

 

Hilmar kunngjorde etter målgong at målet no var å bygge seg opp att til nokre løp på seinhausten. Truleg vert han ikkje å sjå under KM heilmaraton på Hareid i 2025, sjølv om han er tittelforsvarar.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.