Sterk VIL-kvartett på 10 km i Hornindal
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Jul 2025
Klassesigrar til Bjørn Arve og Ludvig, Robin nummer to og Frank fem minutt raskare enn i 2024.
Vanlegvis har halvmaraton vore distansen med størst VIL-deltaking. Men i Hornindal hadde vi ikkje med ein einaste løpar på denne distansen. Derimot hadde vi med ein frisk kvartett på 10 km, der resultata vart slik:
Hornindalsvatnet Maraton, 10 km, laurdag 26.juli (42 fullførande)
1. Mats Daviknes Andreassen, Nittedal IL, 34.30 (M 17-22)
2. Vegard Skrede, Hardbagg IL, 34.50 (M 23-34)
3. Hans Kristian Stadheim, Sunnylven, IL, 36.13 (M 35-39)
4. Robin Jørgensen, Velledalen IL, 38.00 (M 23-34)
7. Josefine Johnsson, Eskiltuna Friidrott, 39.01 (K 23-34) - beste kvinne
13. Bjørn Arve Brune, Velledalen IL/Byrg K 42.30 (M 60-64)
15. Ludvig With, Velledalen IL, 44.44 (M 50-54)
16. Frank Andersen, Velledalen IL, 45.27 (M 35-39)
42. Hermund Kleppa, Syrild IL, 1.18.26 (M 80-84)
Kort om Velledalen IL sine utøvarar på distansen:
Bjørn Arve Brune (M 60-64): Tilbake etter skade. Imponerande løp alderen teke i betraktning. Klassevinnar i M 60-64 på 42.30 og sterkare tid enn på same distanse i 2024.
Ludvig With (M 50-54): Opna roleg (svakast av våre fire), sidan han sprang same distanse i Hustadvika sist onsdag. Den gong 46.02, vesentleg kvassare med 44.44 i dag, etter sterk siste del. Klassevinnar, som kunne hente heim fortent premie for innsatsen.
Frank Andersen (M 35-39): I fjor sprang han same distanse på 50.37 i Hornindal. I dag 45.27. Altså fram fem minutt og ti sekund på eitt år. «Grov djupt» i siste del, og leverte eit av dei beste løpa hittil i sesongen. Men fyrst og fremst; merk framgangen siste året!
Robin Jørgensen (M 23-34): fjerde beste løpar (av 42) på 10 km, og nest best i klasse M 23-34. Stod distansen godt, sprang seg fram ein plass i siste del av løpet. Tidsmessig, uansett klasse, beste VIL-løpar på 10 km denne gongen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.