Hornindalsvatnet Maraton 2025
Postet av Atle Jomar Hole den 26. Jul 2025
Fint arrangement som hadde fortent større deltaking.
Velledalen IL hadde med seks deltakarar i Hornindal. Eigentleg burde det vore fleire. For Hornindal sitt arrangement er mellom dei beste lokalt. Ikkje minst eit stort pluss for at dei tek seg råd til å premiere alle klassevinnarar (i tillegg til medaljar), noko eit fåtal arrangørar gjer i våre dagar. Velledalen IL fekk tre slike i dag, gjennom innsatsen til Hilmar, Bjørn Arve og Ludvig.
Her er tala over dei fullførande i Hornindal, 26.juli 2025:
Heilmaraton: 13
Halvmaraton: 41
10 km: 42
Minimaraton trim: 28 – her hadde Velledalen IL med Ivar Arne Flo
Minimaraton tidtaking: 22
SUM: 146 fullførande deltakarar – av desse representerte altså seks menn Velledalen IL. Diverre ingen kvinner denne gongen.
Ekstra honnør: Til Ivar Arne Flo, som har fullført ti heilmaraton i Hornindal i yngre dagar. No er Ivar framleis ein sprek mann, trass i at han har passert 80 år. Han held seg i form gjennom aktiv turgåing, og så sant han har høve, deltek han i minimaraton trim i Hornindal, saman med ei rekke likesinna som til dagleg opererer i pensjonistane sine rekkjer. Det er fullt mogleg for fleire å gjere som Ivar Arne Flo ved neste korsveg i Hornindal. Ein anna kar som fullførte same distanse er maraton-legenda, Inge Asbjørn Haugen, (flest heilmaraton i kongeriket), som bad oss helse til alle kjende. Det er hermed gjort.
Og «vel blåst» til Hornindal IL som med tre vekers mellomrom har arrangert Hornindal Rundt og Hornindalsvatnet Maraton!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.