Slik spring ein hardhaus maraton!
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Jul 2025
Han burde truleg ikkje delteke i Hornindal, men gjorde det likevel – og vann.
Vi vil tru det meste av ekspertise innan maraton ville sagt til Hilmar Kråkenes:
- Du skal ikkje springe i Hornindal, men leggje alt inn på å restituere og byggje deg opp att best mogleg etter kraftprøva Oslo-Bergen Trail trass alt var, sjølv om Hilmar måtte bryte etter kring 260 km.
Hornindalsvatnet Maraton vart arrangert mindre enn 20 døgn etter Hilmar stod av ved Krækkja Servicestasjon. Men Hilmar trassa ekspertisa og sprang. Det vart eit sololøp i ei litt spesiell løype, der «siste del» gjekk som åtte rundar i ei sløyfe på 5 km. Runde for runde i denne sløyfa sprang Hilmar slik:
1. runde: 21.14
2. runde: 21.16
3. runde: 20.53
4. runde: 21.07:
5. runde: 21.10
6. runde: 21.38
7. runde: 21.57
8. runde 21.06
Etter løpet fortalde Hilmar at han hadde det vondt – til og med frykteleg vondt under siste del av løpet. Men då han på siste runden skjøna at han kunne greie den magiske 3 timar grensa, henta han fram det siste, vesle ekstra. Kvar det kom frå, visste han ikkje. Som vi ser av oversikta; siste runden vart den nest raskaste under løpet.
Slik er det berre HARDHAUSAR som spring maraton – og vi er svært stolte over at du representerer vår klubb!!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.