«Normalen» rår i skogsvegen Hjorthol

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Jul 2025

 

Med to mnd att av sesongen, har posten kring 700 noteringar med Ingrid Brudevoll på topp.

 

Posten skogsvegen Horthol vil truleg ende i nærleiken av 1000 turar denne sesongen – som strekkjer seg frå oktober 2024 til oktober 2025. Med andre ord kring to månadar att til sluttstrek vert sett. Det er verdt å merke seg at trioen på topp – Ingrid, Anita og Siegmar har åleine kring 400 av dei 700 turane.

 

Slik var stoda i skogsvegen Hjorthol, tysdag 29.juli klokka 19.15:

179 turar: Ingrid Brudevoll

136 turar: Anita Lindis Hjorthol

100 turar: Siegmar Möbius

  45 turar: Irene Hole

  29 turar: Liv Skogvold

  25 turar: Eldrid Myhre

  21 turar: Jan Lade

 

Som ein ser, ei veteranprega liste!

 

Ved bokbyte – om lag 1.oktober – vert det skifte av bok/sesong. Så her er det berre å halde det kontinuerleg i gong, året rundt.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.