MIKKEL STERK I UNGDOMS-NM I ORIENTERING
Postet av Atle Jomar Hole den 4. Aug 2025
Rett frå fotball på Ekeberg-sletta til o-NM for ungdom i Sandefjord.
Sjølv om Mikkel Ibsen Lervåg ikkje har satsa orientering på nokre sesongar, imponerte han på det o-tekniske i Sandefjord, der han hittil har sprunge langdistanse og sprint. På langdistanse-løpet vart han nummer 18. Ein særdeles sterk prestasjon sidan han tapte tre minutt på dei to siste strekka i forhold til dei næraste på resultatlista. Hadde Mikkel gått feilfritt heilt inn, ville han vore kring nummer ti i konkurranse med landets beste 14-åringar. Sterkt! I idrettsgreina orientering gjeld det finne balansen mellom eit sikkert vegval og høg fart (springe alt ein kan). At ein fotballspelar frå Sykkylven kan puste dei beste o-løparane i landet i nakken er veldig kult. Kanskje gir dette meirsmak slik at Velledalen IL igjen kan gjere comeback med o-tekniske treningar....det hadde vore stas
Resultat H 14 lang, 2950 meter:
1. Nils Nikolaisen, Oppsal Orientering, 20.10
2. Tarje Hausken Nordberg, Nydalens SK, 22.14
3. Mikhail Martemyanov, Asker Skiklubb, 23,41
13. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 31.28 (best frå Møre & R)
18. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 33.16
31. Erlend Husevåg-Lobben, Førde IL, 42.13
42. Simon Søndervik Lekve, Varegg Fleridrett, 1.08.03
Resultat H 14 sprint, 1930 meter:
Mikhail Martemyanov, Asker Skiklubb, 10.57
2. Nils Nikolaisen, Oppsal Orientering, 11.09
3.Magnus Lesteberg, Kongsberg OL. 12.04
13. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 13.25
25. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 14.49
38. Erlend Husevåg-Lobben, Førde IL, 19.01
DNS: Jonathan Barmala Woldsund, Emblem IL1
Sprinten til Mikkel gjekk unna utan grove feil av noko slag. Strekktidene viser ingen grove feil, altså o-teknisk ganske så perfekt. Med andre ord; svært gledeleg innsats av Mikkel
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.