Saknar Alexander Isak fotballaget VRF…?

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Aug 2025

 

Sjå bilskiltet på bilen hans, ein staseleg Mercedes.

 

Det er Geir Steinar Tandstad, overstrøymande Liverpool-tilhengar, som har sendt oss fotoet av Alexander Isak sin bil. Med bilskiltet WA 73 VRF. Geir Steinar trur kanskje han hintar til VRF sitt 1973-lag, og at dobbelt W-en står for Welle (Svein) og A-en står for Alnes (Bjarne). Bokstavane VRF er ikkje til å ta feil av, dei kjenner vi.

    No er saka den at VRF var knakande gode i 1971 og 1972, men rykte ned i 1973. Og Svein Welle som var knakande god i 71 og 72, var så godt som fråverande i 73. Så det spørst om ikkje dette er meir som ei etterlysning…… kvar har det blitt av duoen Welle/Alnes..?

 

Fotoet er henta frå oppslag på liverpool.no


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.