Godt driv over trimposten ved sætreelva i Holemarka

Postet av Atle Jomar Hole den 8. Aug 2025

 

Har passert 1450 noteringar – jamt i toppen

 

Trimposten ved sætreelva i Holemarka, rekna som den mest barnevenlege av Velledalen IL sine 15 postar, er godt besøkt også i 2025. Då ein meldar var på posten fredag 8.august klokka 11.30 var stoda slik:

154 turar: Myriam Van Wunsel

151 turar: Nils Terje Skylstad

100 turar: Ingrid Peekers

  85 turar: Sissel Brunstad

  74 turar: Atle Jomar Hole

På dei neste plassane kom herretrioen Stijn de Smedt, Ove Inge Skylstad og Per-Gunnar Holmberg.

 

Legg merke til den gode internasjonale deltakinga. Går vi på topp-5 lista er der namn både frå Nederland, Noreg og Belgia. I overkant av 1450 noteringar hittil, betyr truleg kring 1800 noteringar ved sesongslutt – om knappe to månader.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.