Knall-løp av Constantin under SFTR sin 48 km
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Aug 2025
Ole Martin Korsnes 24 minutt og ni sekund raskare enn i fjor.
I fjor kom Constantin Moses Rust på 3.plass under Stranda Fjord Trail Race sin 48 km. Den gongen kniva han med to andre løparar det meste av turen. I dag var det heilt annleis. Det synte seg raskt at Fredrik Bruseth Toreli, Romsdal Randoné, låg divisjonen over. Han var uslåeleg med 5.30.49 og ny løyperekord som resultat. Dermed vart Constantin liggande åleine så å seie frå start til mål. Difor var det imponerande at tida vart 6.04.06, mot 6.16.01 i 2024, der han hadde «hjelp». Tida heldt til 2.plass, både totalt og i klasse M 20-29.
Vidare kom Ole Martin Korsnes på ein fin 25.plass totalt, og nummer ti i klasse M 30-39. Det mest gledelege for Ole Martin vil vi tru var at han var 24 minutt og ni sekund raskare enn i fjor, altså ein betydeleg framgang. God trening og auka erfaring har betalt seg for den tidlegare fotballspelaren, som vi trur har enno meir inne.
Velledalen IL sin tredje løpar på 48 km var Hilmar Kråkenes. Han tok løpet meir som trening og erfaringsbyggjing mot seinare satsingar. Hilmar har drive seg knallhardt siste tida, med deltaking i Oslo-Bergen og heilmaraton i Hornindal siste månaden, og såleis ikkje restituert for eit slikt løp med normal fart. Han plasserte seg godt bak i feltet frå start, for deretter å arbeide seg sakte oppover. Det enda på 48.plass totalt, som vart betalt med ein fin 6.plass i klasse M 40-49 år på tida 9.55.39.
Vi nemner også at unge Magnus Verpesdal frå Sykkylven plasserte seg som nummer 49 totalt og som nummer 12 i klasse M 20-29 på tida 9.56.18. Lovande emne!
Og til slutt nemner vi at Yngvild Kaspersen – i periodar treningspartnar med vår eigen Kjell Magnar Berli – vart beste kvinne på den sterke tida 6.21.44. Ho spring for Adidas Terrex
Konklusjon: Velledalen IL hadde med tre utøvarar på distansen over 48 km. Begge som har vore med tidlegare sette nye bestetider på distansen, tredjemann var debutant. Stort betre kan det ikkje bli.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.