VIL-resultat frå SFTR, 25 km
Postet av Atle Jomar Hole den 9. Aug 2025
Trond og Emma over halvtimen raskare enn i fjor
I slike løp som Stranda Fjord Trail Race kjempar utøvarane ofte to kampar. Mot seg sjølv, og mot alle andre i same klasse. I så måte er det grunn til å gratulere Trond Bonesmo i klasse M 50-59, med 37 minutt og 29 sekund raskare tid enn i 2024. Emma Olin Holmberg leverte i same gate, med 34 minutt og 13 sekund betre enn i 2024.
Totalresultat for Stranda Fjord Trail Race, 25 km:
1. Anders Haga, VJ Sport, 2.39.56 (vinnartid 2024: 2.35.12)
93. Jone Schmidt Breivik, 4.21.32 – nr 6 i M 15-19.
106. Øystein Vikingsen Fauske, 4.26.30 – nr.17 i M 40-49.
152. Øystein Bakke, 4.42.59 – nr. 13 i M 50-59.
177. Emma Olin Holmberg, 5.06.25 – nr. 23 i K 20-29.
179. Trond Bonesmo, 5.06.51 – nr.15 i M 50-59.
183. Marianne Fløttum, 5.07.44 – nr 8 i K 40-49.
I alt 309 fullførande på distansen, klart mest av dei tre distansane under årets SFTR 2025.
Vi nemner at klassa til Emma (K 20-29) hadde 45 fullførande deltakarar og klassa til Øystein Vikingsen Fauske (M 40-49) hadde 50 fullførande.
Jone Schmidt Breivik har tidlegare sprunge 12 km-løpet, men var debutant på 25 km. Det same var Øystein Vikingsen Fauske. Som betyr at det var debutantane som leverte dei raskaste tidene denne gongen. Men honnør til alle. Alle våre 11 påmelde (medrekna 12 km fredag) starta, og alle 11 fullførte – KJEMPEBRA!!!
Og så må ein aldri gløyme at i slike løp er forholda best for dei som ligg i fyrste del av feltet, og verst for dei som ligg i siste del. I så lange løp utgjer dette ikkje sekund, men minutt.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.