350 km i konkurranse for Velledalen IL på fem veker

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Aug 2025

 

Mannen vi snakkar om er Hilmar Kråkenes frå Deknepollen (nær Måløy).

 

I fjor fekk han pris under Idrettsgallaen for flest km for Velledalen IL i konkurranse i året 2024. Denne sommaren har han lagt bak seg utruleg 350 km i konkurranse for Velledalen IL i løpet av fem veker. Hilmar sitt sommarprogram for perioden 3.juli-9.august 2025 ser slik ut:

3.-7.juli: Oslo-Bergen Trail – 260 km

27.juli: Hornindalsvatnet maraton, heil – 42, 195 km

9.aug: Stranda Fjord Trail Race – 48 km.

 

I går, under løpet på Stranda, var Hilmar den som gav seg best tid på servicestasjonen ved kulturhuset. Det vart skifta klede, han åt og drakk – truleg kring ti minutt la han att der. Hilmar sa sjølv før løpet at han skulle gå heile distansen. Om han gjorde det vitast ikkje. I alle fall krabba han sakte men sikkert oppover resultatlista, og enda som nummer 48 på distansen totalt, og som nummer 6 i M 40-49, etter å ha «plukka» fleire på siste strekket. På Strava ser vi at Hilmar sine eigne måleinstrument viser at han la bak seg 48,83 km og 4052 høgdemeter på Stranda i går.

 

Hilmar sin Strava-kommentar: Stranda Fjord Trail Race (9.55.39) – topp 50

  • Meget fornøgd med dei siste fem kilometerane. Mykje hyggelege folk i løypa.

 

Vi vil tru løpet i går var god trening med omsyn til eit eventuelt nytt forsøk på fullføring av Oslo-Bergen Trail 2027


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.