Strava-kommentarar frå Stranda Fjord Trail Race

Postet av Atle Jomar Hole den 10. Aug 2025

 

Sjå kva VIL-løparane gav uttrykk for etter løpet!

 

Øystein Bakke ( Stranda Fjord Trail Race 2025):

  • Årets SFTR, 25 km, i box. Nokre få minutt seinare enn i fjor, men la opp løpet for å sleppe krampa. Så, nesten utan krampe og ein gooood opplevelse. Tok meg sjølv i å nyte springe over myra, det var eit stort pluss i Strava-boka!

 

Constantin Rust (48k 2025, 2.plass):

  • 6.04.06 og 12 minutt pers!. Litt seigt til sentrum, løp dit på nesten akkurat samme tid som i fjor. Mye bedre kropp i andre omgang etter heilt enorm backing av lokale helter i sentrum og videre oppover mot Roalden – Bjørn Arve, Alf petter, Atle, Geir Helge og Kjell må nevnes. Blei nok en gang minna på at det her er et fantastisk og veldig teknisk løp! Blei for øvrig pissa loddrett på av 1.plassen. 35 min bak. Heilt drøy prestasjon.

 

Trond Bonesmo (SFTR 25):

  • Forbetring på nesten 40 minutt sia i fjor, og det er no bra. Hadde håp om å kome under 5 tima, men får ta det neste år. Heilt pyton løype i vakker natur. Brutale første 12 km, og då blir resten også ganske beinharde. Men fantastisk arrangement, så får prøve igjen neste år også. Kanskje beina ikkje er så stokk stive allereie på Liavarden då.

 

Ole Martin Korsnes (Stranda Fjord Trail Race 2025):

  • 22.plass. Tid 8.19.27. Sinnsykt deilig løp med 24 minutt personleg rekord. Heilt ferdig litt over halveis, grov djupt for å perse. Relativt gode stier utenom midt i myra.

 

Emma Olin Holmberg (SFTR 2025):

  • Tid: 5.06.25. Fornøgd med pers, sjølv om ej hadde eit håp om under fem tima.

 

Jone Schmidt Breivik (SFTR 25k 2025):

  • Fornøgd i dag. Tid: 4.21.32

 

Marianne Fløttum (SFTR 2025):

Marianne har ikkje skrive noko, men at måleinstrumenta viser i overkant av 26 km og mellom 1800-1900 høgdemeter

 

Hilmar Kråkenes (Stranda Fjord Trail Race):

  • Tid: 9.55.39. Topp 50. Meget fornøgd med dei 5 siste kilometerane. Mykje hyggelege folk i løypa

 

Dette er det som har kome inn per sundag morgon klokka 09.30. Elles er det tydeleg at dei ulike måleinstrumenta må takast med ei klype salt. Eksempel skil det nøyaktig 1 km mellom Hilmar sine 48,83 km og Constantin si registering på 47,83 km – i same løype. Og mellom dei som sprang 25 kilometer skil det meir enn 150 høgdemeter mellom høgaste registrering og lågaste. Men vi registerte at det var mykje feilspringing, så kanskje ligg noko av årsaka der….?

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.