Sverre Gunnar Brunstad tilbake
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Aug 2025
Sprang 10 km under Perseløpet arrangert av Feiring IL
«Brunstad-ekspressen», eller Sverre Gunnar Brunstad som er hans offisielle namn, har hatt litt smårusk i maskineriet siste tida. Difor lite konkurransar å melde om derifrå. Men i går, sundag 10.august, snøra han skoa og mønstra på i Perseløpet sin 10 km med base ved Ås skole, i regi av Feiring IL. Her kunne ein velje mellom 100 km, halvmaraton, 10 km og 5 km.
117 utøvarar fullførte 10 km – mellom desse Sverre Gunnar Brunstad. Og merk; han sprang for Velledalen IL – hurra!!
Sverre Gunnar vart nummer 22 av 117 fullførande på 10 km, men i klasse M 55-59 var han uslåeleg.
Resultat, Perseløpet, 10 km, klasse M 55-59:
- Sverre Gunnar Brunstad, Velledalen IL, 39.17
- Ole J. Venger Pedersen, EVS, 43.32
- Bjørn Kronberg, Tårnåsen, 54.19
DNS: Rolf Kvernvavik-Holth, Nittedal
Fullførande i arrangementet:
100 km: 1 (Janis Resnis, Vestby, brukte 7.51.09)
Halvmaraton: 59
10 km: 117
5 km: 58
Vi håper Sverre Gunnar Brunstad kan få ein skadefri, og god haustsesong!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.