Sommarkarusell i Sjelkavika – er du klar..?
Postet av Atle Jomar Hole den 11. Aug 2025
Arkivfoto
Årets tredje og siste sommarkarusell vert arrangert onsdag 13.august med start klokka 18.00
Distansane er som dei fleste veit 5km og 10 km, med fellesstart klokka 18.00 for begge distansar. Velledalen IL hadde med 13 løparar i opningsløpet i juni, men var langt svakare med fem deltakarar i juli-løpa. Sidan det er premiering til alle som fullfører to eller tre løp (altså av tre moglege), kjem her ei oversikt over korleis VIL-løparane ligg an:
To løp og allereie sikra premie:
Ole Robert Strømme
Frank Andersen
Per Inge Bjørnestad
Fridtjof Fredriksen
Desse har eitt løp og vert premierte om dei stiller onsdag:
Anita Holmberg
May Evy Nesheim
Sivert Nakken
Stian Mork
Ludvik With – er alt påmeld
Svein Arne Nakken
Andreas Mosby Nakken
Trond Bonesmo
Frode Mauren
Bjørn Arve Brune
Vi håper mange VIL-løparar utanom desse kan stille. Løpa er finfin trening, der ein sjølv bestemmer kor mykje ein vil legge i det.
Startkontingent er kr 100 for alle under 16 år, kr 200,- for alle 16 år (i år) og eldre
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.