Kring 570 noteringar i skogsvegen Drabløs
Postet av Atle Jomar Hole den 13. Aug 2025
Posten ser denne sesongen ut til å bli eit reint klubbmeisterskap for familien Lervåg.
Trimposten i skogsvegen Drabløs greier seg bra. Med kring 570 noteringar no, vil den truleg passere 700 ved sesongslutt. Men la det vere sagt med ein gong; hadde det ikkje vore for familien Lervåg, hadde posten vore eit trist «skue». Dei står nemleg for over 70 prosent av alle noteringane hittil.
Slik var stoda på posten onsdag 13.august klokka 14.30
197 turar: Annlaug Lervåg
87 turar: Pernille Ibsen Lervåg
63 turar: Jens Birger Lervåg
19 turar: Tobias Ibsen Lervåg
17 turar: Bernt Are Lervåg
Med kring 50 dagar att av sesongen reknar vi denne posten for avgjort.
Elles stor honnør til Oddhild og Magnus Ødegård, ektepar med snittalder over 90 år – som begge har vore på posten inneverande sesong. Ein pen prestasjon!
Meldaren vår skryter av god veg til denne trimposten, som vert løna med to poeng per tur.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.