Lukke til Anette & Nikolai under NM!
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Aug 2025
Arkivfoto
Komande laurdag er det NM i OCR hinderløp – lagt inn under Romerikes Råeste
Kan det bli NM-medalje til Anette eller Nikolai komande laurdag..? Ikkje godt å seie, vi trur begge to er spente. Sesongen hittil har ikkje gått på skinner, då begge har vore skadeplaga. Men dette har dei lagt bak seg, og dei stiller i NM med ein god treningsperiode bak seg.
Breidda er minst i kvinneklassa, slik at vi trur Anette sine sjansar til NM-medalje er størst. Dei to siste åra har ho teke gull og sølv. Kan ho kopiere dette eller vert det bronse i 2025…? Anette fyk ut frå start klokka 10.15 med startnummer 9036. Distansen er 8 km i klasse kvinner elite. Litt over klokka 11 laurdag veit vi svaret.
Nikolai har fått startnummer 9010, som betyr at han startar i fyrste felt på 10 løparar klokka 10.00. I herreklassa er det fleire om beinet, slik at vi trur Nikolai ville vore supernøgd med ein bronsemedalje. Siste åra har han vore like bak medaljesiktet, som regel mellom 4-8 på nasjonalt nivå. Før klokka 11.00 veit vi om årets Konradløps-vinnar, Nikolai Handle Jensen, også får klaff i OCR-NM. Distansen i menn elite er den same som for kvinner, 8 km.
Alle frå Velledalen IL si Oslo-avdeling bør ta turen til Nannestad denne laurdagen, får å støtte to fantastisk fine utøvarar.
Velledalen IL ynskjer lukke til – resultata kjem på nettsida straks vi har dei!
Og truleg ein liten NM-rapport i etterkant.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.