Jone klassevinnar i Saudehornet Opp
Postet av Atle Jomar Hole den 16. Aug 2025
Arkivfoto frå Stranda
Motbakkeløpa på Sunnmøre er ikkje det dei ein gong var, men Jone likar denne idretten.
Jone Schmidt Breivik var Velledalen IL sin einaste deltakar under Saudehornet Opp (Ørsta) i dag. Jone gjorde som vanleg sakene sine godt. Han låg som nummer 18 på «mellomtid 2», men hadde krabba opp til 16.plass totalt ved målgang. Tida vart 1.10.12, som gjorde han til vinnar i klasse M 15-17. Han tok skalpen til Sunnmøre sin glitrande Kondis-journalist, Martin Hauge-Nilsen, i siste del av løpet. Friidrettsleiar i Velledalen IL, Alf Petter Bøe, meiner løpsdisponering kanskje er Jone sin største styrke. Der er han usedvanleg god til å vere så ung, rosar han. Noko han også viste sist helg under Stranda Fjord Trail Race.
35 løparar fullførte Saudehornet Opp i Ørsta i dag. Vondt å slå fast med tanke på det folkerike omlandet, og ei tid som var. I velmaktsdagane var løpet i Ørsta eit av Nils Terje Skylstad sine desiderte favorittløp. Få av dei han konkurrerte mot, opererer på listene i dag. Men to heiderlege unnatak finst, nemleg Arild Bjarkø (Os IL) og Jan Ove Juliebø (ØrstaIL). Difor har dei to fått tidene sine på resultatlista. Seks mann kom under timen i dag, med ein o-løpar som den aller beste.
Resultat Saudehornet Opp, Ørsta 16.august 2025:
1. Hallvard Seim Grøvlen, OL Trollelg, 56.13
2. Andreas Skylstad, Norangdal IL, 56.33
3. Erik Vadla, Sandnes IL, 57.17
4. Even Nesgård, Fjellhug/Vereide IL, 58.23
5. Jørn Hustad, Åndalsnes IF, 58.27
6. Helge Wangberg, Angina IL, 59.49
14. Anne T.Fokkema, Nedl/Ørsta Helsesenter, 1.09.30 – beste kvinne
15. Monica Solvang, Ørsta IL, 1.09.49 – nest beste kvinne
16. Jone Schmidt Breivik, Velledalen IL/Jaktevika Tinderangling, 1.10.12 – nr 1 M 15-17
24. Arild Bjarkø, Os IL, 1.16.30
26. Jan Ove Juliebø, Ørsta IL, 1.16.49
33. Lisa Schmidt, Jaktevika Tinderangling, 1.27.10 – nr 3 i K 35-49
35Hilde Maria Nicolaisen, Ørsta, 1.40.17 – nr 1 i K 50-59
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.