Ohj, ohj, ohj, Jone – for ein premie!
Postet av Atle Jomar Hole den 17. Aug 2025
I går hanka Jone Schmidt Breivik inn ein premie fleire 15-16 åringar drøymer om, men dei færraste får.
Sist helg var Jone 1 av 6 som sprang 25 km under Stranda Fjord Trail Race for Velledalen IL. Ungguten vart best av sekstetten tidsmessig, med drygt fire timar i slutt-tid. Laurdag 16.august (i går) var Jone på plass i Ørsta. Til ei ny kraftprøve. Denne gongen motbakkeløpet Saudehornet Opp. Start nær havnivå i Ørsta lågland. Mål på fjellet Saudehornet 1303 meter over havet. Dei færraste gutar/jenter på Jone sin alder likar slike utfordringar.
Men Jone gjer. I går vart han beste ungdomsløpar i Ørsta. Best under 20 år. Og premien var ikkje akkurat smålåten (sjå foto!). Det vart ei bra timeløn dette, Jone! Turen opp tok deg 1.10.12, og premien var på 3000 kroner. Men du skal få rekne litt tid til førebuing – og tek vi med tidsbruken til trening, må det kanskje vere såpass……?
Men uansett, det Jone opplevde i Ørsta i går er noko dei færraste på hans alder (15-16 år) får oppleve. Ein spire til framhaldande innsats, håper miljøet han er ein del av.
Som eit lite apropos til Jone sin innsats i Ørsta i går:
Nettsida har snakka med Nils Terje Skylstad (snart 68) som er Velledalen IL sin løpar med flest deltakingar i Ørsta:
- Bestetida mi er vel på 1.01 og nokre sekund. Hugsar eg ikkje feil har eg notert mest same tida to gonger. Men eg har også fleire svakare løp. 1.10.12 for ein gut på Jone sin alder er ei særs god tid. Utan tvil eit lovande emne, seier Nils, som synest det er litt synd at motbakkeløpa mange stadar synest vere på hell.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.