Storfint av Mikkel og Pernille i midtnorsk

Postet av Atle Jomar Hole den 22. Aug 2025

 

Høvesvis nummer fire og nummer to i sine klasser i kampen mot sterke trøndarar

 

I dag vart det arrangert sprint i Midtnorsk meisterskap på Tynset. Med langt over 400 deltakarar. Mikkel Ibsen Lervåg tok ein sterk 4.plass i klasse H 13-14, 27 sekund bak vinnaren Iver Foss-Dahlberg frå Emblem IL. Mor Pernille sprang i klasse D 40. Ho imponerte stort og vart nummer to. Sunnmøringane gjorde det bra i klassa til Mikkel, medan det hadde vore total trønder-dominans i D 40 om ikkje Pernille blanda seg inn i det gode selskap.

 

Her er resultat, Midtnorsk meisterskap orientering, sprint:

D 40 – 19 startande – 2580 meter:

  1. Maja Berger, Byåsen IL, 18.45
  2. Pernille Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 19.55
  3. Mari Angell-Petersen, Freidig, 21.07
  4. Sunniva Morgan, Malvik IL, 21.10
  5. Jenny Persson, Byåsen IL, 22.29
  6. Randi Marie Mohus, Wing OK, 22.35
  7. Ragnhild Utstumo, Vingelen IL, 22.36
  8. Marit Albinson, Freidig, 23.24
  9. Marte Skoglund, Frol IL, 23.58
  10. Ingrid Denstad Iversen, Wing OK, 28.18

 

H 13-14 – 12 startande – 2060 meter:

  1. Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 13.18
  2. Erik Hemming, Frol IL, 13.19
  3. Aksel S. Skjeset, Frol IL, 13.25
  4. Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 13.45
  5. Einar Sævik, Stjørdals-Blink, 14.48
  6. Johannes Gudding, Verdal OK, 15.38
  7. Filip Leonard Nolte, Freidig, 16.24
  8. Linus Foss-Dahlberg, Emblem IL, 17.53

 

Kort og greitt kanonbra av begge to!

Lukke til på langdistanse i morgon!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.