Midtnorsk: Stafett i dag – felleslag Emblem IL/Velledalen IL
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Aug 2025
Arkivfoto
I alt er 105 lag påmelde til stafettane
I dag spring Mikkel Ibsen Lervåg stafett i Midtnorsk meisterskap. Eit felleslag for Emblem IL/Velledalen IL i klasse H13-16. Laget er som fylgjer:
Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL
Linus Foss-Dahlberg, Emblem IL
Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL
Eit særs ungt lag då alle tre spring i klasse H 13-14. Men likevel eit knall-lag, sidan alle tre har pallplassering i denne klassa frå årets Midtnorske meisterskap. Men sjølvsagt hadde det vore gildt å hatt ein god 15-16-åring på laget, sidan heilt sikkert fleire av konkurrentane har det.
Mikkel skal vere ankermann (3.etappe), og laget hans er det einaste i klasse H13-16 som ikkje er trøndarar. Konkurrentane spring for desse klubbane:
Freidig 1
Freidig 2
Freidig 3
Frol IL/OK Skøynar
Frol IL 1
Malvik IL/Wing OK
OL Trollelg
Stjørdals-Blink Orientering
Verdal OK
Ein sunnmøring kan bli mo i knea av mindre
Lukke til gutar!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.