Mann av helga 23.-24 august: Frank Andersen
Postet av Atle Jomar Hole den 24. Aug 2025
Kvifor nettopp Frank, spør du kanskje….?
Ei fantastisk idrettshelg for Velledalen IL. Topp-plasseringar i Midtnorsk i Orientering både i guteklasse og senior kvinner. Ein annan «gut» langt over 40 år har sprunge 5000 meter på bane på 15.55, ein annan spreking noterte 16.44. Constantin har vore i Tromsø og sett skåpet på plass der- klassesiger med nøyaktig 10 minutt i eit løp på 25 km med kring 1000 høgdemeter stigning. Vi fekk to klassesigrar under Nordvest-maraton på Hareid og klubben vår gjorde det godt under Stavekollen Sky Run. Godt over 20 utøvarar har konkurrert for Velledalen IL denne helga. Så vi skjønar dei som spør: - kvifor nettopp Frank?
Jau, Frank er fersk som løpar. Han har ikkje halde på lenge, og han starta med eit lågt utgangspunkt. Fyrst forsiktig med karusell-løp i Ålesund. Korte distansar. Utvida distansane sakte og forsiktig. Merka at 10 km var vesentleg tøffare enn 5 km. Let seg likevel aldri skreme av opplevingane, men var i staden nyfiken på meir. Stadig modigare føya han motbakkeløp, fjell-løp og litt ultraløp til. Då opplevde han å få «juling», somme tider stygg juling til og med. Men Frank resignerte aldri. Tidleg sommaren 2025 stod halvmaraton for tur i Ålesund. Arrangøren sine klokker stogga på 1.44.53.
Denne helga var tida komen for å utfordre halvmaraton-tida frå Ålesund. På Hareid. Under Nordvest-maraton. Rekna som ein tøff og frykta trasé. Frank skreid til verket utan frykt. Visste at han på slett underlag hadde hatt framgang heile vegen, og på alle distansar - heilt sidan dei fyrste løps-stega.
Karar med fart som Frank Andersen – og mange med han av begge kjønn - vert normalt sett ikkje lagt merke til. Ingen bryr seg om kva dei driv med. Slike opererer heile tida under radaren. Men då Hareid IL sin super-rutinerte arrangørstab klokka inn Frank Andersen, sleppte han nok ut eit ørlite, lurt smil. 1.40.54 stod det. Eitt sekund som mangla på fire minutt betre enn i Ålesund. Fire minutt betre på to og ein halv månad!
Difor er Franken «Mann av helga» 23. og 24.august i Velledalen IL, og kanskje den gladaste guten i «klassa»!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.