Vellukka trimbingo til Myrdalssætra

Postet av Atle Jomar Hole den 25. Aug 2025

Ikkje stråande vêr, men godt turvêr og mange deltok.

 

Trimbingo har vore populær, sosial tidtrøyte i Velledalen sidan kring 1979. Trimgruppa i Velledalen IL har halde tradisjonen i hevd, slik at stadig nye generasjonar får jakte etter tal på ein plakat, som i sin tur leiar fram til ein premie, med litt god mat og drikke etterpå.

 

Naturleg nok, når turmålet er Myrdalen, var frammøtet best frå området Hjorthol, Brudevoll og Hole. Serveringa var som vanleg fyrsteklasses med god grillmat, sjokoladekake, brus og kaffi. Frammøtet bar nok litt preg av kollisjon med «Barne-OL» på Ikornnes Idrettspark, der mange familiar med born i rett alder var.

 

Arrangementet vart avvikla under stort sett opphaldsvêr, og ein svak nordavindstrekk. Småkjøleg å sitje i ro for dei dei som hadde gått seg sveitte, men eigentleg perfekt temperatur for ein spasertur. Og som sidemannen vår sa:

  • Her var det behagelege prisar!

Truleg den heilt rette nemninga på 20 kroner for kaffi pluss god kake.

Akkurat den er det få arrangørar som matchar!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.