Oktoberløpet finn stad i Sykkylven laurdag 11. oktober

Postet av Henning Tandstad den 25. Aug 2025

Det blir Oktoberløp også i 2025, kunne arrangementskommitéen stadfeste etter møtet sitt i går.

Påmelding og informasjon om løpet vil vere å finne innan kort tid.

Merk av datoen i kalendaren; løpet går

LAURDAG 11. OKTOBER kl. 14:00! Barneløp 13:30.

Legg spesielt merke til at dette er  laurdagen i slutten av haustferien for skulane her i området. Så skal du på ferie - planlegg å vere heime igjen så du rekk Oktoberløpet.

Alt overskot vil gå til Rosa Sløyfe-aksjonen som dei tre førre åra.

Vil du sponse Oktoberløpet med eit eller anna; underhaldning, aktivitetar, premiar eller pengar som går til ei god sak?

Eventuelle kontaktpersonar for dette - eller heilt andre spørsmål - vil vere Alf Petter Bøe (Friidrettsleiar) og Anita Mosby Nakken (Initiativtakar).

Vel møtt!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.