Ganske så roleg idrettshelg sett med VIL-auge

Postet av Atle Jomar Hole den 29. Aug 2025

 

Men litt aktivitet vert det

 

Her er litt av det som skjer i helga:

OPPDAL FJELLMARATON (30.august):

Omfattande arrangement med 1324 påmelde fredag klokka 09.00. Konkurranse-klasser på distansane 42 km, 22 km og 11 km. Kortaste distansen har også trimklasse, i tillegg til at det vert arrangert Oppdal Minimaraton. Einaste påmelde frå Velledalen IL fredag 29.august klokka 09.00: Øystein Drabløs Langlo (M 40-49). Han stiller på distansen 22 km.

     To ande sykkyvingar er påmelde same distanse, nemleg Vegard Kaland og Thomas Melchiorsen.

 

VARDELØPET TIL VON (30.august):

Dette er eit motbakkeløp – faktisk eit av dei finaste lokale løpa – på Sulafjellet i Langevåg. 29.august klokka 09.00 hadde løpet 15 påmelde. Ingen påmelde frå Velledalen IL på dåverande tidspunkt, men ein skal ikkje sjå vekk frå at vi vert representerte der.

 

Å KORR BRATT & Å KORR FLATT (30.august):

To løp arrangerte av Dimna IL i Ulsteinvik på same dag. Svært få påmelde fredag 30.august klokka 09.00, men vi reknar med begge løpa vert arrangert. VIL-deltakinga her er svært uviss.

 

FLEMSTUBBEN (31.august):

Tradisjonsrikt løp i nordre luten av fylket. Velledalen IL har vore representert her tidlegare år, men uvisst korleis det blir under 2025-løpet. Flemma IL er arrangør.

 

Meld inn resultat og send gjerne inn foto

 

PS. Rykta seier mange har byrja bu seg til den komande Sørestrandmila 27.september 2025. Her er distansane 3km, 5 km og 10 km. Og det tel som klubbmeisterskap for Velledalen IL. Løypene er kontrollmålte og ganske så flate, slik at med lite vind vil tidene bli svært sterke. Vi har fått inn ein gåvepremie som går til personen som er raskaste ute med påmeldinga til løpet.

 

GOD HELG TIL ALLE – OG HUGS: GOD FYSISK HELSE LETTAR ALDERDOMEN (sitat: Jarle Konrad Fausa)


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.