Oppdal Fjellmaraton: Øystein Drabløs Langlo vår mann
Postet av Atle Jomar Hole den 31. Aug 2025
Øystein Drabløs Langlo var einsam svale frå Velledalen IL under dette løpet
Her var det fleire distansar å velje i, men halvmaraton (ca 22 km) var klart mest populært med kring 700 deltakarar. Øystein sprang i klasse M 40-49, der han kom inn på heiderleg 92.plass. Tida vart 3.57.35.
Tre andre sykkylvingar sprang same distanse:
2.21.59: Vegard Kaland, - nr 14 i M 30-39
2.40.55: Thomas Melchiorsen – nr 37 i M 30-39
3.10.26: Kristin Dvergsdal Haugen – nr 27 i K 40-49
Her er det verdt å merke seg den sterke prestasjonen til den tidlegare langrenns-løparen og fotball-spelaren, Vegard Kaland. Med tida 2.21.59 vart han totalt nummer 29 av nær 700 fullførande. Her er det berre å halde fram.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.