O-samlinga i Sykkylven: 51 påmelde 31.august

Postet av Atle Jomar Hole den 1. Sep 2025

                        Arkivfote frå 2022

Og fleire er enno i tenkeboksen, vert det meldt frå o-gruppa

 

Samlinga er formelt eit samarbeid mellom Velledalen IL og Møre og Romsdal o-krets, men i praksis vert det Emblem IL som bidreg. Emblem IL tek seg av begge treningane på laurdag 6.september, etter at dei påmelde har møtt til taco og sosialt samver fredag 5.september i regi av Velledalen IL. Laget vårt står for alt det praktiske med mat og anna planlegging, pluss løpet på avslutningsdagen (7.september).

 

I denne samanheng er det rett å nemne tre namn, nemleg Janne Tomtum, Pernille Ibsen Lervåg og Alastair Brunton. Arbeidsfordelinga mellom desse tre er om lag slik:

Janne og Pernille står for all planlegging, noko som er særs omfattande. Alastair er løypeleggar på kretsløpet – ein stor jobb. Fyrst legg ein forslag til løyper på ein pc, deretter ut og vurdere i terrenget om ein er fornøgd med strekk og postplasseringar. Deretter sette opp merkeband på postplasseringane i god tid. Komande fredag tek både Alastair og Pernille fri for å sette ut postane fysisk.

     I tillegg til kretsløpet skal det vere lagkonkurranse, planlagt av Janne og Pernille.

 

Truleg skjønar alle som les dette at det er ei tidkrevjande affære å arrangere o-løp. Det er snakk om ein idrett med mykje for- og etterarbeid. Og når det heile er over skal alle postane samlast inn att

Info om kretsløpet (sjå dokumentet PM): https://eventor.orientering.no/Events/Show/21395

 

Sjå tidlegare sak på nettsida om hjelpande hender til arrangementet (litt kiosksal, kakebaking, vakt på aktivitetspostar og liknande).

 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.