Sørestrand-mila: Premie til John Ivar og Tonje
Postet av Atle Jomar Hole den 3. Sep 2025
Premie-vinnarane for rask påmelding er klare.
For å drage i gang påmeldingane til Sørestrand-mila – arrangert av Velledalen IL 27.september 2025 – vart det lova premie til den som var raskast ute med påmelding til løpet. Dei to som vert premierte er:
John Ivar Skogan, Ålesund, - påmeld 10 km
Tonje Bjørklundhagen, Stranda – påmeld 3 km
Premiane vert delt ut løpsdagen!
Vi minner om at Sørestrand-mila har distansane 3,- 5, og 10 km. Påmelding gjennom EQ-timing. Flate, lette , kontrollmålte løyper. Alle deltakarar får tildelt Sørestrand-mila sin splitter nye medalje. I tillegg tel løpet (alle distansar) som klubbmeisterskap for Velledalen IL med ekstra premiering. Klasser for born, ungdom og vaksne.
Tysdag kveld, 2.september, hadde fire jenter/kvinner og fire menn – i alt åtte – meldt seg på.
Ein kan sjå namna til dei påmelde ved å gå inn på EQ-Timing – Sørestrandmila 27.september
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.