Melshornløpet: Jone einaste påmelde frå VIL
Postet av Atle Jomar Hole den 5. Sep 2025
Kvelden før Melshornløpet i Volda har 109 utøvarar meldt seg på.
Melshornløpet er eit flott motbakkeløp i Volda, arrangert av Ørsta IL. Løpet har start klokka 09.00 for mosjonistar og klokka 11.00 for konkurranse-utøvarane, laurdag 6.september. Kvelden før løpet (klokka 20.15) hadde 109 utøvarar meldt seg på, av desse 34 mosjonistar.
Då var Jone Schmidt Breivik, einaste VIL-løpar i konkurranse-klassa (M 15-17). Men vi ser at Lisa Schmidt, Jaktevika Tinderangling, er påmeld i K 35-49. Deltakartalet kan stige ein god del frå mot start laurdag føremiddag.
Les på nettsida laurdag ettermiddag for resultat frå løpet. I tillegg spring fem utøvarar halvmaraton i Trondheim, og like mange i Drammen
7. sept arrangerer Velledalen IL O-løp, mellomdistanse i Sykkylven (Kolda, Ikornnes).
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.