O-samling: Alt ligg til rette for SUPERHELG

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Sep 2025

 

Gledeleg mange – både born og vaksne -  på treningssamling i Sykkylven

 

Kanskje er årets o-samling den største nokon gong, etter at Velledalen IL kom med i det gode selskapet. Vi skal kome tilbake med det endelege deltakartalet seinare, men som fotoet viser; gledeleg mange frammøtte. Ein del møtte alt fredag til ein sosial kveld, før det i dag vert to treningar. Den fyrste i Velledalen, den andre i Ladalen (Fjellsætra). Sundagen vert det løp, mellomdistanse, og lagkonkurranse. Dette finn stad på Ikornnes (Kolda).

      Samlinga er eit samarbeids-prosjekt mellom Velledalen IL/Møre og Romsdal O-krets/Emblem IL. Dei tre største klubbane på samlinga er Emblem IL, Molde&Omegn IL og Velledalen IL

 

Det vil kome meir frå samlinga/løpet på nettsida i løpet av helga




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.