Emma fleska til med heilmaraton

Postet av Atle Jomar Hole den 6. Sep 2025

                                                                       Foto: frå Nyss

Skal tru om dette var eit spontanløp – på heilmaraton?

 

Ikkje veit nettsida til Velledalen IL, men det er ikkje lenge sidan vi søkte på nettet etter VIL-deltakarar i Trondheim laurdag 6.sept. Då kom det opp fem namn – alle karar som skulle springe halvmaraton. Difor vart undringa stor då det i dag vart gjort eit nytt søk….. og der dukka namnet til Emma Olin Holmberg opp…. Og det stod:

Heilmaraton, nummer 60 i klasse K 23-34, Emma Olin Holmberg, med tida 4.14.08.

 

Det er vel dette ein kallar eit spontanløp – VIL nettsida er ikkje heilt sikre, men kanskje var det ny personleg rekord i tillegg…..?

Tøft gjort, Emma!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.