Finfin 2.plass til Jone i Melshornløpet
Postet av Atle Jomar Hole den 6. Sep 2025
Arkivfoto: Saksa 2024
Einaste deltakar frå VIL, Jone Schmidt Breivik, tok i dag finfin 2.pass i M 15-17.
Motbakkeløpet i Volda samla kring 150 deltakarar medrekna mosjonistane. Jone Schmidt Breivik var åleine om å representere Velledalen IL, noko han gjorde på framifrå vis:
Resultat klasse M 15-17:
- Kasper Flacké Botnen, Volda T&IL, 50.33
- Jone S Breivik, Velledalen IL/Jaktevika Tinderangling, 59.13
- Jacob Sættem, Molde&Omegn IL, 1.00.52
Totalvinnar av løpet vart sterke Aron Rodal Haugen, Trollheimen Fjellsportklubb, på tida 41.35. Han var drygt 1.30 føre nestemann, Erik Vadla frå Sandnes IL. Beste kvinne vart Janne Elin Vatnaland, Spirit Friidrettsklubb, på tida 48.49.
Nokre lokale resultat:
1.04.27: Kari-Anne Tryggestad Ryste, Sunnylven IL
1.09.26: Lisa Schmidt, Jaktevika Tinderangling
1.34.58: Rune Breivik, Sykkylven
Det høyrer med til soga at unge Jone vart nummer 45 av kring 90 fullførande i konkurranseklassene. Godt levert, Jone!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.