AL-open: Matias debuterte med 3.plass
Postet av Atle Jomar Hole den 7. Sep 2025
Sørlendingen Matias Hodne Hanisch debuterte som Velledalen IL-løpar med fin 3.plass.
Alastair Brunton hadde funne fram ei krevjande lang-løype til dei ni startande deltakarane. Ikkje overraskande var MOI-veteranen Sven Nylund den sterkaste. Det gjorde at MOI tok sigeren i begge «lang-løpa». Unge Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL tok ein fin 2.plass føre Velledalen IL sin debutant, Matias Hodne Hanisch. Han har busett seg med familie i Hundeidvika, og har det meste av o-bakgrunnen frå miljøet i Kristiansand, kjend som eit sterkt o-miljø.
Resultat AL-open, sundag 7.sept:
- Sven Nylund, MOI, 1.15.31
- Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 1.26.18
- Matias Hodne Hanisch, Velledalen IL, 1.29.48
- Harald Godø Gjerdahl, Emblem IL, 1.33.27
- Per Magne Drotninghaug, Velledalen IL, 1.52.59
- Knut Vidar Haukebø Siem, MOI, 1.57.27
- Sven-Erik Markhus Kaiser, Velledalen IL, 2.33.10
2 løparar diskvalifiserte
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.