KM langdistanse orientering: Mikkel og Sigurd var der
Postet av Atle Jomar Hole den 14. Sep 2025
Vi skulle gjerne hatt med fleire, men dei to vi hadde leverte.
Kring 60 løparar deltok. Diverre berre to frå Velledalen IL, grunna litt uheldige omstende. Løpet talde som o-KM langdistanse, og her er resultata der våre var representerte:
Resultat C-open 10-16 – 2000 meter:
- Sigurd Linga, Velledalen IL, 23.09
- Anna Sofie Reistadbakk, MOI, 50.21
- Harley Hansen, Skåla IL, 54.53
Resultat H 13-14 – 3600meter:
- Mikkel Ibsen Lervåg, Velledalen IL, 28.38
- Iver Foss-Dahlberg, Emblem IL, 30.37
- Stein Haukebø Siem, MOI, 54.41
- Linus Foss -Dahlberg, Ikkje godkjent
Verdt å merke seg at Mikkel hadde nest beste km-tid av samtlege deltakarar. Berre herrevinnar Asgeir Bakken Rognstad var raskare. Og klasse H 13-14 er ei tøff klasse der tre av utøvarane hadde med seg topp-3 plasseringar frå Midtnorsk meisterskap nyleg.
Sigurd har siste tida feia all motstand til side i klasse C-open siste tida. Truleg er han moden for å prøve seg på eit høgare nivå neste gong. Løpskapasiteten er i alle fall enorm!
Dette var flott, Mikkel og Sigurd – anna kan ein ikkje seie!
Velledalen IL gratulerer med KM-innsatsen!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.