København Halvmaraton: Tre VIL-løparar – tre persar.

Postet av Atle Jomar Hole den 14. Sep 2025

                             

                                Malin Berge frå KM Vartdal 2025

Nær 3500 nordmenn deltok – tre av dei representerte Velledalen IL.

 

Kort om våre tre:

MALIN BERGE: Nr 141 av 2551 i klasse K 30-34.

Malin har mindre enn eit halvt år som medlem i Velledalen IL bak seg. Likevel sit på  bestetida for 2025 både på halvmaraton og heilmaraton. Ho har tidlegare gjort ei rekkje halvmaraton i området 1.31 – 1.35. I dag vart tida 1.30.42 og ny personleg rekord for Malin

 

ELLEN MARIE HOLE: Nr 208 av 2551 i klasse K 30-34.

Ellen mønstra på i København med berre to halvmaraton som ballast frå tidlegare (begge i Oslo), og ei bestetid på 1.49-talet. 10 km tida frå 2024 viste ho hadde meir inne. Og  i dag løsna det skikkeleg med 1.34.35, ny personleg rekord med kring 15 minutt.

 

ANDERS WIGDAHL: Nr 157 av 2788 i M 35-39

Anders hadde 1.19.55 som pers – også det i København – før dagens løp. I dag drog han til med 1.19.21 etter eit veldisponert løp frå start til slutt. Løpet – og persen – markerte samstundes avskilsløpet med Velledalen IL for Anders. Vegen vidare vert lagt i Sportsklubben Vidar, etter kring 10 gode år som VIL- løpar. Velledalen IL takkar for innsatsen og ynskjer han alt det beste i hans nye klubb!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.