Maraton-NM: Kan Njål ta medalje i M 40-44…?
Postet av Atle Jomar Hole den 18. Sep 2025
Arkivfoto
Oda Alette debuterer på heilmaraton i Oslo komande laurdag
Maraton-NM er i 2025 lagt inn under BMW Oslo Maraton. Einaste løpar frå Velledalen IL under heilmaraton-NM vert Njål Torillson Tyssing, ein løpar med rimeleg god røynsle frå tidlegare løp på distansen. Seinast i mars vart han beste nordmann under Tokyo Maraton på tida 2.41.27, som gav 458.plass av 37 000 deltakarar. I skrivande stund er det VM i same by. Og det høyrer med til soga at beste nordmann der kom inn på 2.21. Njål er altså inga «sinke» på distansen, sjølv om han er litt eldre enn snittet av VM-deltakarane.
Så tilbake til spørsmålet: Kan Njål ta NM-medalje i klasse M 40-44 i Oslo komande laurdag. Svaret er heilt klart JA. Det kan han. Men samstundes er dette ein så tøff distanse, at ein veit aldri kva som skjer mot slutten av løpa. Det har vi mange eksempel på, også med VIL-løparar. Då VIL-Nett sjekka deltakarlista til maraton-NM tre døgn før start, viste det seg at klasse M 40-44 talde ni løparar. Alle VIL-sympatisørar i Oslo-området bør vere ute i løypa og heie på Njål laurdag 20. september.
Men det skjer meir stort på maraton-fronten i Oslo denne helga. Frå Gjelleråsen vert det meldt at Oda Alette K. Hole tek over startnummeret til systera, Mathilde Sofie K. Hole. Mathilde hadde ikkje meldt seg på NM, som betyr at heller ikkje Oda Alette spring NM, men sistnemnde er uansett debutant på distansen. Og her er det snakk om ei debutant-tid under 4 timar. Spelar alt på lag med ei veltrena Oda, kan tida fort gjort bli i nærleiken - og til og med betre - enn Malin Berge sine 3.36.33 frå Jølster. Som er bestetida på maraton for VIL-kvinner i 2025. Heime i Velledalen fylgjer nok besteforeldra Elling og Ingrid spent med.
Svaret på korleis dette endar, det kan du lese på nettsida til Velledalen IL.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.