Tre VIL-løparar spring NM 10 km
Postet av Atle Jomar Hole den 19. Sep 2025
Namna er Constantin Rust, Anders Westrheim og Frode Mauren
NM 10 km er i 2025 lagt inn i løpet «10 for Grete» i Oslo. Klubbrekorden på 10 km for herrar lyder på 31.35, sett i 2025 av Constantin Rust. Truleg har Constantin tenkt at den skal slettast laurdag 20.september. Ikkje berre med nokre små sekund, men skikkeleg. Vi veit ikkje, men trur Constantin drøymer om å sjå 30-talet. Anders reknar vi med er storfornøgd om han får sjå 34-talet
No er det slik at Anders Westrheim og Constantin Rust spring i den største og hardaste klassen. M 23-34 hadde i går 49 påmelde. Så difor kan det hende det vert Frode Mauren som reiser heim med beste klassevise plasseringa. I M 50-54 stod elleve namn på lista, mellom dei sunnmøringen Kristian Nedregård, Spjelkavik & Omegn. Sistnemnde er ein sikker medaljekandidat – faktisk ein potensiell gullvinnar.
Så er det verdt å merke seg at deltakinga er tynn i fleire av veteranklassene. Eksempelvis har K 50-54 berre har ein påmeld løpar til NM 10 km i Oslo
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.