Sørestrandmila: Framleis kamp om julebordet
Postet av Atle Jomar Hole den 27. Sep 2025
76 påmelde, minus 2 som ikkje starta, er lik 74 fullførande. Dramatisk tippekonkurranse
Godt over 50 personar deltok i tippe-konkurransen som kunne gitt gratis julebord på Sobra Scene i Ålesund 29.november. Spørsmålet var:
- Kor mange utøvarar fullfører Sørestrand-mila laurdag 27.september?
Påmeldingstala synte 76 påmelde, men sidan to ikkje møtte til start – og alle andre tok seg til mål – vart rett svar på konkurransen 74 fullførande. Ingen hadde tippa dette talet, men Per Johan Tronsen og Ingvild Straumsheim Leichty hadde begge tippa 72. Like nær det rette talet var Sissel Habostad som hadde tippa 76.
Denne kampen vert truleg avgjort med ein filma seanse med Bingo-kinna – også kalla trekning på høgt nivå - der ein av desse tre går sigrande ut:
Per Johan Tronsen
Ingvild Straumsheim Leichty
Sissel Habostad
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.